Tenester
Totalentreprenør
Frå starten har Emdal Bygg opparbeida seg god kompetanse på tømrararbeid og prosjektstyring. Med gode samarbeidspartnarar har vi gjennførd utallige prosjekt på Sunnmøre, men har og Asker og Bærum som nedslagsfelt.
Prosjektering
Frå skisse til arbeidsteikningar og utføring. Emdal Bygg leverar det du har behov for. Frå nybygg til rehabiliteringsprosjekt eller tilbygg, frå bustadhus til hytter, Emdal Bygg har brei erfaring, og har særleg høg kompetanse på massivtre.
Arkitektrådgiving
Endre planløysing i eksisterande bustad, tilbygg for ekstra plass eller bygge heilt frå botn av? Ta kontakt for rettleiing og idéar frå arkitekt. Fargar, overflater, lys
Byggesak
Fasadeendringar, endring av beresystem, tilbygg, garasje eller heilt ny bustadar. Emdal Bygg har lang erfaring med byggesak, og kan utføre arbeidet for deg.
Energirådgiving
Høge energirekningar? Behov for å oppgradere bustaden, men veit ikkje kva du skal prioritere? Emdal Bygg har to ENOVA-godkjende energirådgivera.
Snekker- og maletenester
Som eit allsidig byggefirma utfører Emdal Bygg på små og store prosjekt, og legg vekt på godt handverk. Sjekk ut nokre av prosjekta.
Byggevarer
Nye vindauger, material til eigne prosjekt, oppgradert kjøkken eller bad? Byggfag Stranda har det du treng!
Anna?
Ta kontakt, så finn vi ut kva vi kan bistå med i ditt prosjekt.
Om
Emdal Bygg AS er eit byggmeisterfirma med kontor på Stranda på Sunnmøre, samt ei avdeling i Asker. Firmaet vart starta i 1981 av Ingvar Emdal og Jens Peter Ous, og har utvikla seg til eit solid firma med om lag 20 tilsette innan byggevarehandel, snikkartenester og bustadoppføring. Sidan 2014 har vi sett opp bygg i massivtre. Gjennom prosjektering, montering og ferdigstilling av hus, hytter og eit leilegheitsbygg i massivtre, har firmaet opparbeidd verdifull kompetanse innan lågenergibustader i massivtre. Emdal Bygg AS ønskjer å byggje vidare på denne kunnskapen og bidra til å auke bruken av massivtre.
Emdal Bygg har opparbeidd ein katalog med hus- og hyttemodellar utvikla for bruk av massivtre. Vi tilbyr produksjonsklare teikningsett for sal til privatkundar og utbyggjarar, i tillegg til å levere og montere massivtre over heile landet. For prosjekt i nærområdet kan vi i tillegg tilby ferdigstilling av prosjektet.
/
Emdal Bygg AS is a construction company based in Stranda, Norway. The company dates back to 1981 and has 20 employes. In recent years the company has gained valuable skills through design and construction of low energy residential projects using CLT - Cross Laminated Timber. Emdal Bygg seek to continue developing the knowledge and contribute to an increased use of CLT. Emdal Bygg offer design services with energy consulting for projects in Norway. Emdal Bygg has developed a catalogue of model homes designed for using CLT. We offer production ready drawings for sale to clients and contractors in Norway.
![[/]](http://images.squarespace-cdn.com/content/v1/58c09cce5016e17d84d4a85e/eb079954-6a83-476e-ab55-747c936028cd/Logo+Emdal+Bygg+AS.jpg?format=1500w)